Sjømannskyrkja ynskjer å oppsøke nordmenn der dei er, også der
det ikkje fins sjømannskyrkje. Den ambulerande
sjømannspresten prøver å oppsøke og møte menneske der dei jobbar,
bur eller oppheld seg. Han tilbyr som regel ei gudsteneste eller ei
familiesamling når han kjem på besøk. Steinar Rishaug har også
mastergrad i familieterapi og har dei siste åra jobba spesielt med
tema knytta til pendling og utestasjonering, og korleis dette
verkar inn på individ, par og familiar. Han tilbyr difor
gjerne også foredrag, kurs og seminar om slike
tema til bedrifter, studentgrupper og norske miljø i sitt
område.
Ta kontakt om du ynskjer besøk:
Sjømannsprest Steinar Rishaug
mobil +47 97 73 55
44
E-post: steinar.rishaug@sjomannskirken.no
Steinar si neste reise:
Neste planlagte reise blir primo september, sannsynlehvis frå
4.- 18. september. Alle detaljar ikkje klarlagt, men det
blir sannynlegvis seminar om "Det å bu utanlands" i Hong Kong
fredag 6.september, og "relasjons-seminar" med mulig tema "En
familie, -ett land, - to kulturer" i Tokyo 11.
september. Det blir vurdert om seminaret skal tilbydast eit nordisk
publikum. Reisa blir avslutta i Beijing 14.-18.september,
kanskje også der med seminar.
Dertaljert reiserute blir lagt ut seinare. Steinar kan uansett
kontaktast for avtalar.
NB: Steinar er i beredskap i sommarmånadene, men har
ferie frå 15.juli til 11.august.