Ole Jørgen ba om julegåver til sjøfolk til havs i jula

Overstyrmannen arbeider på MT Frida Knutsen, som er den nyaste bøyelastaren til Haugesundbaserte Knutsen Shipping.

Eg kom på at det hadde vore kjekt med ekstra julegåver til dei som er ute på tankaren julehelga, seier Ole Jørgen Nygård Pedersen (29).

Han tok kontakt med Sjømannskyrkja og spurte om det framleis var ei slik ordning med julegåver til sjøfolk som feirer jul til sjøs. 

"I dag er det ikkje så mange som spør etter julegåver, og det er veldig få som sender," seier Eva Kristin Dale Wessman. Ho er ein del av Norgesarbeidet

Tankaren Ole Jørgen arbeider på vil ligge å duppe i Nordsjøen når me andre feirer jul heime. Det er då rundt 27 sjøfolk får julegåve av strikkevillige frå Haugaland

"Det var to damer i regionrådet for Stavanger og Haugaland som fekk utfordringa då førespurnaden kom frå overstyrmann Pedersen," seier Wessman.

Ingen veit

Når 29-åringen leverer gåvene ombord på motortankaren fredag 1. desember er det ingen som veit kva han kjem med. Han gler seg difor til dei vert delt ut på julaften om vél ein månad.

"Det er hemmeleg for alle utanom kapteinen, altså han som går av vakt når eg kjem på,"
seier Pedersen og smiler lurt.

På hovedkontoret venta det tre fulle posar med julegåver frå strikkevillige givarar. Korkje Ole Jørgen eller Eva Kristin hadde rekna med så mange julegåver.

"Me spurte regionrådet om dei kunne laga 30 julegåver, men det me fekk var mykje meir,"
seier Eva Kristin og smiler.

På sjølve julaften mottar ei rekke sjøfolk frå ei rekke land ombord på MT Frida Knutsen julegåver i form av strikkesokkar og sjokolade.
"Her er det alt mogleg," seier ei engasjert Eva Kristin.
Ho fortel at det ikkje var vanskelig i det heile å få tak i folk som kunne jobbe dugnad for julegåvesaka. "Desse to damene klarte å skaffa mange som leverte," seier Eva Kristin.

"Mange starta opp med strikkinga med ei gong dei vart spurt. Dette var ei svært kjekk oppgåve å få,"
seier Sissel M. Sveinsson og Inger Elise Kolstø frå regionrådet i Stavanger og Haugaland.

Dei to er glade så mange tromla samen strikkepinnane og sette i gang å laga julegåver.

God respons

Ole Jørgen tykkjer han fekk god respons då han ba Sjømannskyrkja om dei hadde lyst å hjelpa til med å skaffa julegåver til sjøfolka på båten han arbeider på. "Det er mange som tykkjer jula er tung å jobbe seg gjennom. Nokon kan ha fått eit born, og må reisa ut rett etter fødselen. Ei slik gåve kan bety mykje for mange," sier Ole Jørgen.

Sjølv har han vore til sjøs på julaften dei siste sju åra. Han er vant til å feire høgtida på gyngande grunn.
"Eg fortalte dette til bestefar min, som sjølv arbeidde på havet i mange år. Han hugser godt då han fekk gåve gjennom Sjømannskyrkja for mange år sidan," fortel Ole Jørgen Nygård Pedersen.

Personvernerklæring

Sjømannskirken ønsker å være enkel å komme i kontakt med – også digitalt. For å gjøre nettsidene våre brukervennlige og funksjonelle, benytter vi informasjonskapsler. De hjelper oss med å tilpasse nettsiden til dine innstillinger, samle nyttig statistikk, og dele informasjon om våre tilbud. Informasjonskapslene bidrar til å gjøre besøket ditt så godt som mulig. Detaljer

Dine innstillinger for infokapsler

I Sjømannskirken tar vi personvernet ditt på alvor, og det er viktig for oss å være åpne og tydelige på hvordan vi behandler persondata om deg.

Informasjonskapslene bruker vi for å huske dine innstillinger på nettsiden for å gjøre opplevelsen av nettsiden så relevant som mulig. Vi bruker Google Analytics og Meta Pixel for å holde oversikt over antall besøkende og statistikk over bruk av nettsiden og for å kunne nå deg med viktige budskap gjennom annonser. Tidvis bruker vi andre analyseverktøy for å få hjelp til å forbedre nettsiden.

Valget er ditt!

Nødvendige informasjonskapsler bidrar til å gjøre nettsiden brukbar ved at grunnleggende funksjoner som sidenavigasjon, tilgang til ulike områder av nettstedet og måle statistikk over bruk av nettsiden. Nettstedet kan ikke fungere optimalt uten disse informasjonskapslene. Derfor kan du ikke slå dem av.
Funksjonelle informasjonskapsler hjelper med å utføre visse funksjoner, som å dele innholdet på nettstedet på sosiale medieplattformer, samle tilbakemeldinger og andre tredjepartsfunksjoner.
Informasjonskapsler for markedsføring brukes til å spore besøkende på nettstedet. Dette har vi for å kunne vise deg innhold fra oss på andre nettsteder, og for å vite hvor mange som kommer til vår nettside fra våre annonser.